Kva er hemmelegheita? Den norske politikaren og programsekretæren for NRK, Stein Ørnhøi sa i 1994 at «Kanskje det rett og slett skyldes at Dyrsku’n er ekte? Dyrsku’n er et under, og dit drar alle».
I dag er marknaden landets største handels-, mat- og landbruksmesse, som årleg samlar over 90 000 gjester og 800 utstillarar dei tre dagane i september.
Vi er svært fornøgde med at utstillarar kjem tilbake år etter år. Det tek vi som eit teikn på at deltaking på Dyrsku’n lønner seg, og at det er ein triveleg stad å vere.
Kvifor vere utstillar på Dyrsku’n?
- Møte og skape dialog med nye og eksisterande kundar
- 85% fekk inngått dei avtalene dei ynskte under fjorårets marknad
- 9 av 10 handlar på Dyrsku’ n
- Over 80% av utstillarane kjem tilbake år etter år, og over 90% av utstillarane er fornøgd med gjennomføringa av arrangementet
- Det vert omsett for over 500 millionar på Dyrskuplassen dei tre Dyrsku-dagane