Landbruk og mat gjeng hand i hand på Dyrsku’n, og her kan ein møte dyra, sjå korleis maten blir til, for til slutt å nyte smaken av dei ferdige godbitane av lokalmat.
På Matlyst Dyrsku’n finn du alt du kan tenke deg av spesielle godsaker, både ting du kan ta med heim og mat som er så freistande at du berre må ete den med ein einaste gong.
Velkomen til Dyrsku’n – der du kan nyte god mat med gode opplevingar!
Matkvartalet
TettPå Stor: 3-rettars kulinarisk middag – førehandsbestilling – fullt!
TettPå Liten: Sidersmaking med lokalmat ved siderprodusentar frå Midt-Telemark
Mattunet: Her tilbyr fleire gode lokalmat-produsentar eit variert tilbod av serveringsmat. Det er tilrettelagt med sitteplassar under tak.
Steinomnen: sal av nysteikt gjærbakst
Lokalmatteltet: Lokalmat-kjøkkenet kan friste med eit utval av lokalmat-pizza, med topping frå ulike utstillarar i teltet.
Ølbar (fredag og laurdag): Utvalte mikrobryggeri tilbyr sine produkt i kombinasjon med lokalmat
Eldhuset: Heimelaga rømmegraut (Åmotsdalsgraut), pølser, mineralvatn og kaffi
Storstogo Servering med 600 sitteplassar: Fårikål, kjøttkaker, fleks og duppe, lapskaus, Dyrskusuppe, pølse med stappe, pølse i brød, salat, mineralvatn og kaffi. Alle rettigheiter.
Dyrskuplassen
Hovudmatutsalet
Pølse i brød, hamburger, karbonadar/pølser i potetstappe, lapskaus, rjomegraut, wienerbrød, baguettar, kyllingwraps, veganburrito, mineralvatn, kaffi.
Scenekafe og Stuten kafe
Pølse i brød, karbonadar/pølser i potetstappe, lapskaus, rjomegraut, baguettar, wienerbrød, vaflar, kyllingwraps, veganburrito, mineralvatn og kaffi.
Stallen
Hamburger, pommes frites, bakt potet, pølse i brød, mineralvatn og kaffi.
Gunnarbui
Hamburger, pommes fries, pølse i brød, baguett, kyllingwraps, veganburrito, mineralvatn og kaffi.
Einarbui
Pølse i brød, karbonadar/pølser i potetstappe, lapskaus, rjomegraut, baguettar, kyllingwraps, veganburrito, mineralvatn og kaffi.
Einarkiosken
Hamburger, pommes frites, bakt potet, pølse i brød, baguettar, kyllingwraps, veganburrito, vaflar, mineralvatn og kaffi.
Krubba og Oddebui
Hamburger, pommes frites, bakt potet, pølse i brød, baguettar, kyllingwraps, veganburrito, mineralvatn og kaffi.
Sigridbui, Infokiosken, Portkiosken og Utgardskiosken
Hamburger, pommes frites, bakt potet, pølse i brød, baguett, vaflar, kyllingwraps, veganburrito, mineralvatn og kaffi.
Velkommen til Matlyst på Dyrsku’n, nyt god mat med gode opplevingar!