Meir jern, meir moro: Anleggsområdet er større enn nokon gong

Det populære anleggsområdet er i år utvida med to dekar, og byr på eit spennande utval av maskinar og teknologi for både små og store.

05.09.2024
Anleggsområdet. Fotograf Jan Thorsen

For no har plassen vorte utvida! I år er området to dekar større. Dermed blir det plass til enda meir. Fleire lastebilar og gravemaskinar, sagbruk, ved- og skogsmaskinar, og ikkje minst andre typar anleggsmaskinar.

Bransjen er godt representert av både kjende og mindre kjende aktørar, og alle dei store merka er til stades. Nyskapande teknologi står sentralt, og du vil definitivt finne mykje spennande innan nye innovative løysingar på anleggsutstillinga på Dyrsku’n.

Dyrsku’n er ein viktig møteplass for bransjen. Stadig fleire aktørar ynskjer å nytte messa til å skape nye relasjonar, både i og utanfor bransjen, og dessutan både søke og dele kunnskap. I tillegg er det ein populær del av messa for familiar.

– Vi er glade for at mange ynskjer å vere utstillarar på Dyrsku’n, og dei er tilfredse med at vi i år får plass til endå fleire. På Dyrsku’n finn du eit mangfaldig utval innan eit breitt produktspekter, og anlegg og maskin er ein viktig del av messa. Difor er det særs gledeleg at vi i år kan utvide dette området, slik at endå fleire flotte utstillarar får plass på Dyrsku’n, seier sals- og marknadsleiar Yvonne Eilefstjønn.