Meir plass til både folk og dyr på det utvida Sterke Nils-tunet

Det tradisjonsrike tunet står sterkare enn nokon gong. Bli med tilbake i tid, samtidig som vi ser på korleis det gode, gamle kan få plass også i framtida.

06.09.2024
Smiing på Sterke Nils-tunet under Dyrsku'n

Dyrsku’n jobbar heile tida for å skape Noregs beste stemningsplass. Då Stiftinga Seljordsutstillinga Dyrsku’n tidlegare i år kjøpte garden Brenne, var det etter lang tids arbeid med å utvide Dyrskuplassen. Den 126,4 dekar store garden ligg rett attmed Sterke Nils-tunet.

– Med kjøpet av Brenne gard får vi no enda betre plass til å formidle dei gode og gamle tradisjonane innan norsk landbruk, matproduksjon og handverk. Samtidig blir det meir plass til både dyr og folk, seier Tor Mølster Byggland, arenaleiar for Sterke Nils-tunet.

Akkurat den rolla er ny, men Byggland har vore på Dyrsku’n dei fleste åra sidan han var ein liten pjokk. No er det han som held i trådane på tunet, men han understrekar at mange av aktørane på plassen er så å seie sjølvgåande etter mange år i gamet.

– Formidling av dei gode, gamle tradisjonane er den viktigaste jobben for oss på arrangørsida. For publikum sin del er Sterke Nils-tunet dessutan ein veletablert plass der mange kjem for å sette seg ned, ta seg ein pust i bakken og kjenne på luktene og lydane frå tunet, med alt frå slaga til smeden til lukta av surmjølksost.

Området blir opna opp frå fleire kantar, men arenaleiaren er ikkje uroa for at meir trafikk skal ta noko bort frå opplevinga om å komme inn i ei rolegare, grøn lunge på den elles så travle marknadsplassen.

– Sjølv om det blir gjennomgang over tunet, blir ikkje dette noko hovudgate, og folk skal framleis få finne roa her, seier han.

Dyrestell, ysting og dyrking

Husdyra er framleis sjølve navet i dyrskuhjulet, slik det har vore heilt frå starten. På Sterke Nils-tunet kjem ein tett på nokre av dei mest vanlege husdyra våre. No får både kyr og hestar betre plass, mens geitene får kose seg på Brennehaugen, ein gravplass frå jernalderen som følgde med kjøpet av garden.

– Nytt av året er at det skal vere sau på plassen au. Dei vil vere ved sidan av hestane og skal klippast for hand med handsaks, før ulla skal spinnast nesten rett frå klippen, seier Byggland.

Krøllar og krull blir det nok også når Rakel Nystabakk kjem for å vise fram ein kortversjon av dokumentaren «SAU», som handlar om då ho flytta heim for å ta over familiegarden og alle sauane.
Nystabakk vil sjølv vere til stades for å fortelja meir og svare på spørsmål.

Ellers blir det som vanleg demonstrasjonar av både dyrestell, handverk og matproduksjon. Du kan mellom anna sjå puss, stell og skoing av fjordhest, fjøsstell med fôring, mjølking, separering og ysting. I tradisjonsostbua blir det høve til å sjå og lære om dei tradisjonelle surmjølksostane, sjølvsagt med smaksprøver så lenge dei rekk.

Ei rekke utstillingar og aktivitetar gjev mykje å ta seg til for både store og små. Målet er å formidle det som har vore, men og å sjå på korleis vi kan ta med dei gamle tradisjonane inn i framtida på ein måte som gjer at dei kan leva vidare.

Sterke Nils-tunet collage

Speidarane kjem

Nytt for året er at Noregs speiderforbund kjem for å lage artige aktivitetar for barn i alle aldrar. Utviklingsrådgjevar Runar Sørensen fortel at organisasjonen aldri har delteke på Dyrsku’n før, men meiner det er ein naturleg plass for dei å vere.

– Dette er ein plass kor det er veldig mange folk som er glade i å vere ute, og det er jo vi speidarar òg. Vi har vore på Villmarksmessa i nokre år no, og det har vore ei god erfaring som har gjeve oss mykje åtgaum. Dyrsku’n er jo endå større, så vi tenkte at dette ville vere ein bra plass for oss å vise fram noko av det speidarar driv med, seier han.

Om alt blir som dei ser føre seg, kjem omkring 50 speidarar til å by på mellom fem og sju ulike aktivitetar, som til dømes spikking og bygging av insektshotell. Unge publikumarar som deltek på eit visst antal aktivitetar, får høve til å køyre speidarkarusell, ein enkel karusell laga på ekte speidarvis, med pålar og tau.

– Og så skal vi fyre opp ei bålpanne, der ein kan grille marshmallows. Det er alltid populært, seier Sørensen. Han ser fram til mange folk og mykje aktivitet kring plassen deira. Noregs speiderforbund har om lag 18 000 medlemmar og over 300 speidargrupper, men har framleis plass til fleire utelivsglade barn og unge. Sørensen håpar dei kan nytte høve til å inspirere fleire til å bli speidarar.

– Vi gler oss til å sjå kva respons vi får frå både publikum og speidarane som deltek i år, og så håpar med at dette kan bli ein fast tradisjon etter kvart.