Møt Landbruket er for alle

– Møt Landbruket-teltet har blitt ein viktig møteplass under Dyrsku’n.

Det seier Jan Thorsen i Telemark Bondelag, som saman med Nationen og Dyrsku’n er ansvarleg for Møt Landbruket – staden for politiske debattar, interessante samtalar og underhaldning.

03.09.2024
Foto: Thorleif Moe Bratval

Teltet er sentralt plassert i umiddelbar nærleik til Husdyrhallen. Trass i namnet er det ikkje berre bønder på scena.

– Vi set opp fleire tema som bør ha interesse langt utanfor bøndenes rekker, seier han.

Målet er å skape ein arena for diskusjon og læring om viktige tema og dagsaktuelle problemstillingar i landbruket og i norsk matproduksjon og -forsyning. Og så blir det god underhaldning, der Halvor Kleppen og Knut Buen gir «oss noko å le av, og noko godt å høyre på».

Ein viktig møteplass

– Vi starta forsiktig med dette i 2016, og talet på aktivitetar i teltet har auka år for år. Vi meiner at Møt Landbruket-teltet no har blitt ein viktig møteplass under Dyrsku’n, seier Thorsen.

Dyrsku’n er også ein arena for diskusjon og politikk, og derfor ein viktig plass for ei avis som Nationen å vere til stades på.

– Dyrsku’n er ein fantastisk møteplass. Her høyrer Nationen heime, her treff avisa mange av våre viktigaste lesarar, og dei treff oss som jobbar i redaksjonen, seier Anne Ekornholmen, politisk redaktør i Nationen.

– Vi arrangerer fleire aktuelle debattar med meiningssterke deltakarar og ønskjer å fylle Møt Landbruket-teltet med engasjerte folk.

Nationen utfordrar

Kven skal overta garden? VIL nokon overta garden, når fagfolk fortel at det ikkje er mogleg å ta ut ei grei arbeidsinntekt og samstundes få avkastning på eigenkapitalen på garden? Dette diskuterer mellom andre storfe- og Instagram-bonde Nora Sandberg, under leiing av Nationens kommentator Hans Bårdsgård.

Korleis går det eigentleg med distrikta, velferda og finansane? spør Nationen, og forhåpentlegvis svarar finansminister og Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum når Nationen utfordrar han. Laurdag ettermiddag blir han å finne i samtale med Nationens kommentator Eva Nordlund i Møt Landbruket.

Under tittelen «Salme ved stortingsreisens slutt» blir også Sps stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen utfordra av Nationens Eva Nordlund.

Anne Ekornholmen tar praten med Bjørn Gimming, leiar i Noregs Bondelag, og Tor Jacob Solberg, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, fredag ettermiddag. På dette «Bondetoppmøtet» blir det diskusjon om talgrunnlag og årets jordbruksoppgjer.

– Eg gler meg til å få dei to bondeleiarane i tale om det dei er opptatt av no, og ikkje minst den oppheta, politiske forsommaren i år.

Eit mangfald av opplevingar

For telt-general Jan Thorsen er det ikkje berre arrangementa i Møt Landbruket han ser fram til.

Dyrsku’n byr på eit stort mangfald av opplevingar, alt frå å kjøpe ei spekepølse som det er eit år sidan du kjøpte sist, til kunnskapsbygging om det flotte norske landbruket, seier han.

Det blir derfor vanskeleg å rangere kva han ser mest fram til, men han vel å trekke fram det som for mange er sjølve sjela til Dyrsku’n.

– Som kudommar på Dyrsku’n gjennom mange år er dømminga og utstillinga av kyr på fredag eit av dei desiderte høgdepunkta. Mjølkekua og utstillinga av ho, er grunnleggande for eksistensen til Dyrsku’n, seier han.

Foto: Thorleif Moe Bratval