No kan du prøva deg som travkusk eller montéryttar

Lurar du på korleis det er å sitja på ein hest i godt driv, eller draumar du om å prøva deg som kusk? Då bør du nytta høvet til å testa travsimulatoren med det velklingande namnet Monté Python.

04.09.2024
Illustrasjon av stand. Foto: Det Norske Travselskap

I travsporten finst det to typar løp. Du har dei tradisjonelle travløpa, der kusken sit i ein liten vogn med to hjul bak hesten, og du har løp der hesten har ryttar på ryggen, såkalla montéløp. På årets Dyrsku’n har Det Norske Travselskap med seg ein travsimulator, der du kan prøva deg på denne fartsfylte og spennande sporten.

– Dette vert kjempegøy! Simulatoren Monté Python var også med på Oslo Horse Show i oktober. Det vart ein stor suksess. Simulatoren er rett og slett ein kunstig travhest i full storleik, som du anten kan køyra eller ri medan du ser på en skjerm framfor deg. Monté Python har rørslemønsteret til travhesten, noko som er ganske annleis enn bevegelsane til ein ridehest. Simulatoren finst på Fjoset alle dagar, så kom dit og prøv sjølv, oppfordrar Ine Dahl. Ho er forbundssekretær i Telemark Travforbund og arenaleiar for hest på Dyrsku’n.

Stor hesteutstilling

Hest spelar ei viktig rolle på Dyrsku’n, og tradisjonen tru vert det hesteutstilling i Fjoset også i år. Utstillinga er ein av Noregs største hesteutstillingar, med flotte pengepremiar til vinnarane. Laurdag er det vaksne hestar som skal visast fram, medan sundagen er tileigna unghestane. Telemark Travforbund står som arrangør i samarbeid med Norsk Hestesenter på Starum.

– Utstillinga er open for alle rasar, og det vert mykje flott å sjå. I år har vi forventning om ekstra mange påmelde travhestar, noko som er veldig triveleg. Det er nemleg første gong på lenge at Dyrsku’n ikkje fell på same helg som klasseløpa Norsk Travkriterium og Norsk Travderby, som er årets største travhelg i Noreg. Det trur eg mange set pris på, seier Dahl.

Æresgjesten Lionel

I fjor gjesta kaldblodshoppa Ulsrud Tea Dyrsku’n som æresgjest, og det gjekk eit sus gjennom publikum da ho entra arenaen.

I år kjem varmblodshingsten Lionel for å kasta glans over arrangementet. Den norskfødde hingsten er ein av dei mest suksessrike travarane i norgeshistoria med 31 sigere og over 17 millionar kroner på premiekontoen. Han har vunne fleire internasjonale storløp både i Noreg og elles i Europa. Lionel er ferdig med løpslivet og nyt livet som avlshingst. No kjem han til Seljord.

– Det er veldig gøy å få Lionel til Dyrsku’n. Han er ein fantastisk flott hest med ein utroleg karriere bak seg. Besøkjande kan sjå Lionel både laurdag og sundag i Fjoset. Dette er ei oppleving folk bør få med seg. Vi har fått Tron Gravdal i Det Norske Travselskap til å fortelja litt om Lionel medan han blir vist. Då vil nok folk forstå kva for ein suveren hest dette er, avsluttar Dahl entusiastisk.

Foto: Det Norske Travselskap