Norske surmjølksostar – foredrag

Dei norske surmjølksostane vert løfta fram under årets Dyrsku. Ta del i spennande foredrag med smaking.

20.08.2024
Grønn ku

Foredrag – «Renessanse for norske surmjølksostar?»

Ved forskar Annechen Bahr Bugge
Dagleg kl. 12.00 i Høyløa i Sterke Nils-tunet

Annechen Bahr Bugge er sosiolog og forskar med forbrukaråtferd og norske matvanar som spesialområde ved Oslomet. Ho er prosjektleiar for forskingsprosjektet FoodLessons: Kulinarisk arv som ein ressurs i bygging av Matnasjonen Norge 2030.

Gamalost, pultost, skjørost/ystil, og knåost høyrer til gruppa av surmjølksostar. Annechen formidlar kunnskap om desse verdifulle matskattane våre, både historisk, korleis dei står i dag, og tankar om framtida.

Osteprodusent Sondre Aasan frå Kråkeroe-staulen fortel om seterlivet, produksjon av knåost, og om osten.

Det blir smaking av kulinariske rettar med surmjølksost komponerte og laga av leiande konkurransekokkar Eli Anne Sundset og Live Krangnes Edvardsen.

Påmelding Renessanse for Surmjølksostar

Tid: fredag, laurdag og sundag kl 12:00
Stad: Høyløa Sterke Nils-tunet
Pris: kr 175,-
Maks deltakarar: 20 stk
Påmelding til foredrag

Film – «Den siste ostemaker» – Bitten Brennhovd og gamalosten

Dagleg kl. 14.00 i TettPå liten

Bitten er ein av dei siste gamalostprodusentane i landet, og vi får sjå korleis handverket hennar veks og gror gjennom omsorg og pleie. Kjem yngre krefter til å ta over tradisjonen? Klarer vi å få opp produksjonen av vår norske kulturskatt?

Foredrag med smaking – Gamalosten, budeia og det magiske pulveret

Fredag kl. 14.30 i TettPå liten
Ved gamalostbudeia Kristin Gluck-Teigland

Kristin er tidlegare budeie og har utdanning og arbeid med lokal matkultur gjennom ei årrekke. Dei siste åra har ho via seg til ystetradisjonar, seterkultur, og aktualisering av dette inn mot hippe restaurantar, fine dining, samt oppskrifter til heimekjøkkenet. Kvifor og korleis ho har engasjert seg i å aktualisere gamalosten, får de høyre meir om i foredraget.

Fortid møter framtid, gamalost møter Maaemo. Vel møtt til ein liten time med gamalosten, budeia og det magiske pulveret.

Meir info