Open søknad
Til våre største arrangement på Dyrskuplassen ser vi etter fleire dyktige medarbeidarar.
Seljordfestivalen (veke 27), Countryfestivalen (veke 30) og Dyrsku’n (startar alltid 2. fredagen i september) er alle arrangement som årleg får besøk av tusenvis av gjester. Under desse arrangementa har vi ei rekke ulike oppgåver du kan jobbe med.
Ynskjer du å vere med på morosame, hektiske og minneverdige festivaldagar? Er du ein engasjert, positiv, nysgjerrig og serviceinnstilt person som likar å skape noko saman med andre, høyrer vi gjerne frå deg.
Vi kan tilby eit spennande og variert arbeidsmiljø og betaling pr. time du er på jobb.
Send oss ein e-post der du fortel om deg sjølv, tidlegare erfaringar og kva du kan bidra med.
For nærare informasjon, ta kontakt med:
Festivalleiar Seljordfestivalen & Countryfestivalen / Sals- og marknadsleiar Dyrsku’n Arrangement AS
Yvonne Eilefstjønn mobil 92 45 63 74