Blinkskotet til årets julekort kan du ta på Skogtunet

Skogtunet blir omtala som ei grøn lunge på ein morosam og travel messedag. Med opplevingar i kø for barna bør ein ha kamera klart. Ein umåteleg populær attraksjon er den store skogsmaskina.

10.09.2024
Minikurs Skogpleie

Familiar er spesielt velkomne til Skogtunet, me har morosame aktivitetar for barn og unge, fortel Vegar Hvamb. Han er koordinator på Skogtunet, til vanleg jobbar han i Skogselskapet i Buskerud og Telemark.

– Me har parkert ein ny, stor skogsmaskin på tunet. Den veg heile 23 tonn,og den kan dei minste få klatre inn i. Mange stolte foreldre sikrar seg kule bilete her, fortel Hvamb.

Viktig rekruttering

Det populære motivet skaper gode minne, og Hvamb håpar det også kan vekkja ei interesse som følgjer barn og unge vidare. Dei ynskjer sterkt å styrkja rekrutteringa til skognæringa.

– Det er eit skrikande behov etter fleire ressursar, både planleggarar, maskinførarar, tømmertransportørar og dei som skal ut i skogen og gjera den fysiske jobben. Informasjon rundt vidaregåande utdanning og høgskuleutdanning er noko me bruker mykje tid på når me er på Dyrsku’n.

Ungskogpleie er eit døme på ei viktig oppgåve der det trengst arbeidskraft. Der det blir hogge skog, blir det også planta ny. Den nye skogen, ungskogen, treng spesiell kunnskap og pleie for å bli til kvalitetstømmer. En stelt skog er også meir mer populær i friluftsliv, den er meir open. Nøyaktig kva ungskogpleie inneber skal også visast i praksis på Skogtunet.

Dei minste kan glede seg over fleire spennande aktivitetar på Skogtunet, som spikking, natursti i «Barneskogen», skogkviss og mykje meir. For dei litt eldre blir det gode moglegheiter for å teste fleire simulatorar. Naturbruksskulen Nome vidaregåande stiller med ein skytesimulator der publikum kan prøve seg som jeger. Det blir også ein eigen skogsmaskin-simulator på tunet.

Skogtunet får storfint besøk når det norske landslaget i motorsag skal vise imponerande ferdigheiter.
Oppvisningane blir som ei generalprøve, neste stopp for laget er nemleg VM, som i år blir arrangert i Austerrike.

Hvileskjær for dei vaksne

Og mens både barn og unge er opptekne med morosame aktivitetar, kan Vegar Hvamb tilby noko mange vaksne set stor pris på.

– Kokekaffien vår trekkjer mange besøkjande kvart år. Den kjem rykande varm rett frå bålet og gir eit herleg kvileskjer. Over kaffien blir det også mange gode samtalar, fortel Vegar Hvamb.

– Når barna er opptekne får me god tid til å snakka med dei vaksne, og det set me stor pris på. Det er mange spørsmål om moderne skogbruk, nokre av dei kritiske, etter saker og omtaler i media. Me er svært glade for å kunne rette opp inntrykket der det trengst, og mange seier dei har fått ein liten aha-opplevelse til kaffien. Ein av fleire ting mange blir overraska over er lista over daglegdagse produkt
me ikkje hadde hatt, om det ikkje hadde vore for skogen.

– Både tannkremen og parfymen treng råstoff frå tømmeret for å bli til dei produkta dei er i dag. Og dei er berre to døme frå ei uendeleg lang liste, fortel Hvamb.