Potet er tradisjon og beredskap, no skal ho hyllast

Dufta av nysteikte potetlomper vil breie seg over Dyrsku’n når Bygdekvinnelaget nok ein gong inviterer til fest. I tillegg inviterer dei til ein konkurranse som kan sende deg til NM – i potetskrelling.

05.09.2024
Potetskrelling Bygdekvinnelaget

Laila Glittenberg Moen er leiar i Telemark Bygdekvinnelag. Ho gler seg stort til å møte besøkjande i 2. etasje i Husdyrhallen i år igjen. Dei nybakte potetlompene dei serverer der, er alltid populære.

– Alle som kjem på Dyrsku’n bør ta turen oppom Låven, då får dei sjå bakstekjerringar i full sving. Det går så mjølet fyk! Og når mjølskya legg seg, er det ope for nydelege matopplevingar for heile familien.

Poteta er klassisk tradisjonsmat og eit viktig element når ein tenkjer på matberedskap. For å skape ekstra merksemd rundt poteta har Bygdekvinnelaget lagt opp til ein fartsfylt konkurranse under messa: Telemarkmeisterskap i potetskrelling.

I fjor var det Gunhild Kåsa Dehli frå Seljord som vann Telemarkmeisterskapet på Dyrsku’n og sikra seg ein sølvmedalje i NM. Klarer du å slå tida hennar?

Telemark Bygdekvinnelag har vore ein del av Dyrsku’n i meir enn 50 år. Laila og laget hennar gler seg til å vise fram breidda i arbeidet dei gjer.

– Låven på Dyrsku’n må berre opplevast, med mange spennande aktivitetar for heile familien. Her kan du hauste dine eigne gulrøter frå kassene våre, og det vert moglegheit for å reparere gamle klede gjennom prosjektet Nøysom, eit prosjekt som fremjar gjenbruk og berekraftig livsstil. Borna kan også lage eigne jorddyr av kitt, så eigne grønsaker, mens alle kan lære meir om mattradisjonar og den viktige matberedskapen i Noreg over ein nydeleg grønsaksuppe.

Få med deg:

  • Anne Grete og hennar gode hjelparar steiker lomper på takka mellom 11:00–13:00 alle dagar
  • Påmelding til Telemarkmeisterskapet i potetskrelling gjerast på bygdekvinnelaget sin stand frå fredag 13. sept. fram til kl. 11.00 på søndag 15. sept.
  • Tevlinga startar kl. 13:00 sundag i arena Møt Landbruket
  • Vinnaren frå Telemark går vidare til NM, 12. okt