Alle som stiller hest på Dyrsku’n må levere eigenerklæring.
- Nydatert eigenerklæring skal leverast saman med gyldig vaksinasjonsattest (vaksinasjonskort) til kontrollør på Dyrskuplassen før hesten blir lasta av.
- Eigar/trenar er ansvarleg for at eigenerklæring og attest er utfylt og blir framvist i samsvar med reglane
- Det er ikkje tillate å laste hesten av transportmiddel før kontrolløren har gått gjennom og godkjent dokumentasjonen
- Dersom papira ikkje tilfredstiller reglane, eller dersom hesten ved klinisk undersøking gjev mistanke om smittsam sjukdom, vil hesten bli nekta tilgjenge til stemneområdet
Køyre-/rideprøve i h.h.t. Norsk Hestesenter sine reglar. Du kan ta prøvene på Dyrskuplassen utstillingsdagen.
Inn-/uttransport
Det vil kun vere tillatt å køyre inn og ut av Dyrskuplassen til fastsette tider. Dette er for å ta best mogleg vare på sikkerheita til både dyr og publikum. Nærare tidspunkt vil bli gitt beskjed om i informasjonsbrevet vi sender deg i god tid før utstillinga.
Synast du det er lenge å vente før du kan køyre heim? Ta deg ein tur på Dyrskuplassen med kring 800 utstillarar, kos deg med god mat og delta på mange ulike aktivitetar mens du venter.
Avvising
Det kan bli aktuelt å avvise dersom utstillinga blir fullteikna eller av andre årsaker. Melding om dette blir gitt så snart som råd etter påmeldingsfristen. Nærare orientering til utstillarane vert sendt pr. e-post eller post om lag to veker før utstillinga.