Premiane til årets hesteutstilling er følgande:
Laurdag (vaksne hestar)
Travhestar:
Avkomsgruppe
Framsyning:
- Elite: kr. 12.000,- / andre rasar: kr. 5.000,-
- A: kr. 7.500,- / andre rasar: kr. 4.000,-
Teoretisk bedømming:
- 1. premie: kr. 5.000,- / andre rasar: kr. 2.000,-
- 2. premie: kr. 3.000,- / andre rasar: kr. 1.000,-
Pengepremiane og sylvskei vert delte ut ved første gongs oppnåing av premiegraden.
Vallakar har høve til å delta, men vil ikkje få utbetalt pengepremiar.
Øvrige gåvepremiar blir gjevne i forhold til plasseringa.
Alle hestar er med og tevlar om Dyrskuprisen, og mottek ein minnepremie frå Dyrsku’n.
I tillegg vert det kåra Dagens hest blant rase- og klassevinnarane. Gåver og krans vert delte ut.
Skilnaden i pengepremiane mellom travhest og øvrige rasar kjem av at Dyrsku’n har nemninga Landsutstilling for travhest, og premiane er derfor sponsa av Telemark Travforbund og Telemark Hesteeierforening.
Sundag (unghest)
Travhestar:
- Nr. 1 i kvalitet: kr. 2.500,-
- Nr. 2 i kvalitet: kr. 2.000,-
- Øvrig kvalitet: kr. 500,-
Øvrige rasar:
- Nr. 1 i kvalitet: kr. 1.500,-
- Nr. 2 i kvalitet: kr. 1.000,-
- Øvrig kvalitet: kr. 500,-
Alle mottek minnepremie frå Dyrsku’n, og øvrige gåvepremiar blir gjevne i forhold til plasseringa.
Rase- og klassevinnarane er til slutt med og tevlar om å bli Dagens hest. Gåver og krans vert delte ut.
Også her kjem skilnaden i pengepremiane mellom travhest og øvrige rasar av at Dyrsku’n har nemninga Landsutstilling for travhest, og premiane er derfor sponsa av Telemark Travforbund og Telemark Hesteeierforening.