Dyrskuplassen kveld drone
For utleigarar

Har du ledig overnatting under Dyrsku’n?

Marknadsundersøkingar viser at 50% av gjestene på Dyrsku’n overnattar i samband med besøket. Regionen har mange overnattingsmoglegheiter, hjelp gjestene til å finne dei.

Her kan du, både som profesjonell og privat aktør, registrere deg i oversikta over ledig overnatting under Dyrsku’n.

Registrering er gratis, men du må halde overnattinga di oppdatert.

Tips gjerne andre om utleige!

Registrer ledig overnatting til Dyrsku’n

Gå inn på lenka https://kart.dyrsku.no/ 

  • Logg inn med Vipps. Skriv inn mobilnummeret ditt, og følg instruksane på mobilen.
  • Skal du registrere oppføringa for ei bedrift? Du må bruke din private Vipps til å logge deg inn, men du kan registrere resten av opplysingane på vegne av bedrifta.
  • På det fyrste bildet etter innlogging må du setje nåla på riktig stad på kartet. Dette vil bli kontrollera før oppføringa di blir gjort synleg på overnattingsoversikta.
  • Deretter kjem du inn på ei ny side, der du fyller ut punkta som best beskriver oppføringa di.
  • Huk av for kva du best kan kjennast att som; Hotell, hytte, leilegheit osb.
  • På «Framsidetekst» skriv du ein kort tekst om kva du kan tilby, maks 250 ord.
  • På «Meir info» kan du skrive inn ein lengre tekst, men her ynskjer vi at du fyller inn fasilitetar, m.a. pris, antal sengeplassar, sengetøy, sluttvask, kokemoglegheiter osb.
  • Last opp fleire bilde, gjesten vil ha eit visuelt inntrykk av kva h*n skal leige. Hugs å trykk «Lagre» innimellom😊
  • Når du er fornøgd med alle opplysningane, trykk fyrst «Lagre» og deretter «Publiser«, så kjem oppføringa tilbake til Dyrsku’n for godkjenning. Vi kvalitetssjekkar innhaldet før den blir synleg ut på oversikta for gjesten.
  • Har du fått leigd ut? Logg deg inn på oppføringa og oppdater tekstfeltet «Fullt?» eller «Hotell fullt, leilegheiter ledige». Dersom du ikkje endrar status på oppføringa, vil du kunne fortsette å få telefonar – og gjestene kan «rapportere» via e-post om at oppføringa inneheld feil.

 

Takk for at du registrerer deg på overnattingsoversikta!

Kontakt oss gjerne på sentralbordet telefon 35 06 57 70 eller post@dyrskun.no ved spørsmål.