Fyll inn påmelding til Husflidstevlinga – tevling i handverk & design innan 15. august
Nasjonal tevling i husflid, handverk og design har mål om å synleggjere og styrke husflid, handverk og design for eit stort publikum. Det oppmuntrast til bruk av miljøvenlege, etiske og kortreiste materialar.
REGLEMENT
- Arbeid må påmeldast av utøvar. Medprodusentar må dokumenterast. Utøvar må oppgi namn og rolle til alle involverte. Medprodusent kan levere separat påmeldnig.
- Arbeid må vere ferdigstilt i 2024-2025 og vise høg kvalitet.
- Tidlegare utstilte arbeid kan delta, men ikkje ha deltatt i liknande tevlingar.
- Eit arbeid til vurdering kan berre delta i éi klasse.
- Dømming er endeleg, unntatt ved tekniske feil.
- Utøvar må dokumentere prosessen gjennom skisser, foto eller forklaringar. Rekruttklassa må oppgi rettleiars rolle og bidrag.
- I opne klasser og formgjevingsklasser, må utøvar stå for heile prosessen frå idè til ferdig produkt. Dokumenterast skriftleg og gjerne med skisser, prøver, mønster etc.
- Tradisjonstekstil krev eigen dokumentasjon som bakgrunn, mønster og inspirasjon.
- I eggverktøyklassa må eit knivblad sendast inn for knekking
- Maks tre arbeid per klasse per deltakar.
- Kategoriar med færre enn tre deltakarar utgår.
- Brot på reglement kan føre til diskvalifisering.
Anna viktig informasjon
Vi ynskjer å gjere deltakarar merksame på at produkta ikkje tevlar direkte mot kvarandre. Ved dømming av produkta kan det likevel oppstå eit element av samanlikning med omsyn til nivå på premiegrad.
Dommargruppa har eigen sekretær og kan bestå av ulike personar frå år til år. Gruppa har avgrensa tid per arbeid og gjer sitt ytste for rettvis dømming. Norges Husflidslag har øvste fagansvar for tevlinga og jobbar for å dekke både fagleg tyngde og breidde blant dommarane.
Påmelding: Endeleg innleverings- og påmeldingsfrist er fredag 15. august 2025. Gjenstandar som kjem til Dyrsku’n Arrangement AS etter dette vert ikkje med i tevlinga med mindre anna er avtala. Alle tevlingsdeltakarar får gratis dagbillett til valfri dag.
Delta på premieutdeling: Vi oppmodar alle deltakarar til å delta på den høgtidelege pris- og premieutdeling på Dyrsku’n sundag 14. september i TettPå Stor arena ved hovudinngangen til Dyrskuplassen. Det vil bli utdeling av premiar, stipend og prisar i lag med musikalske innslag.
Henting av gjenstander
Sundag 14.9 mellom 17:00 – 20:00
Måndag 15.9 mellom 10:00 – 17:00
Praktiske spørsmål kring levering og utfylling, ta kontakt med:
Dyrsku’n Arrangement AS
Vest-Telemark Museum | husflidsutstillinga@vtm.no
KATEGORIAR MED KLASSER OG UNDERGRUPPER
Tre
Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, open klasse
Tekstil
Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, tradisjonstekstil, open klasse
Sylv
Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, open klasse
Keramikk
Klasser: Rekrutt, handverk, formgjeving, open klasse
Smiing
Klasser: Rekrutt, eggverktøy/verktøy, Kunstsmiing/ eksperimentell form, open klasse
Rosemåling
Klasser: Rekrutt, tradisjonell rosemåling, lasering/ dekormåling og open klasse
Kniv
Klasser: Staskniv, brukskniv, påkosta brukskniv, open klasse
Praktisk informasjon
Deltakaravgift: 370,- (inkluderer dagbillett på 260 kr).
Innlevering: Arbeid kan sendast til eller leverast i Seljord (sjå kontaktinformasjon under).
Forsikring: Innsende arbeid er ikkje forsikra av arrangøren, men postforsikring er inkludert.
Utstilling: Arbeid i tevling stillast ut under Husflidsutstillinga i eigna omgjevnader.
Marknadsføring: Bilete av arbeida kan brukast i marknadsføringssamanheng.
Påmelding og Levering
- Skjema: Eit skjema per arbeid. Oppgi kategori, klasse og teknikk.
- Frist: 15. august 2025.
- Levering: Arbeid kan leverast personleg eller sendast som Norgespakke. Sjå adresse nederst.
- Premieutdeling: 14. september i Stor-Teltet ved hovudinngangen. Utdeling av premiar og stipend med musikalske innslag.
Dommarprosess
Produkta dømmast individuelt og vurderast etter klassekriterium. Form, funksjon og teknikk vil bli vektlagt, alt etter kva klasse det leverast i. Norges Husflidslag har fagansvar for tevlinga og dommarar med brei fagkompetanse blir brukt.
Arbeid som deltek på tevlinga stillast ut i den årlege husflidsutstillinga.
Kontakt oss for meir informasjon
Post og besøksadresse: Dyrsku’n AS, Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord
Telefon, Sentralbord: 35 06 57 70
E-post prosjektleiar: husflidsutstillinga@vtm.no
Utfylling av påmeldingsskjema
Treng du rettleiing til korleis utfylle påmeldingskjema? Sjå nedst i påmeldingsskjema eller ta kontakt med oss.