Ridehallen på Dyrsku’n: Cowboy-Ole lovar liv, løyer og konkurransar

Med «Eventyrlig oppussing» har snikkar-cowboy Ole Rosén-Lystrup vore så å seie overalt i Telemark – frå fjord til fjell. Men på Dyrsku’n har han ikkje vore – før no. I Ridehallen inviterer kjendissnikkaren til hytteprat, konkurransar og løyer under heile Dyrsku’n.

21.08.2024
Ole Rosén-Lystrup med to ansatte i Dyrsku'n.

– Eg gler meg fælt til å oppleve Seljord og denne legendariske marknadsplassen. Eg har vore i Seljord berre ein gong – for å sjå etter ormen. Men det hjelpte verken med ope sinn eller grenselaus velvilje, skrattar snikkaren med den ikoniske cowboyhatten.

Han er derimot godt kjend i andre delar av Telemark.

– Eg meiner vi i «eventyrlig-teamet» har gjort ekstrem makeover på minst sju hytter i Telemark. Trur dette er eit av dei fylka som er sterkast representert gjennom programserien.

Snekring og konkurransar

Sjølv har han medverka i rundt 60 av TV3-programma der den kjende interiøreksperten Halvor Bakke er programleiar.

Til Ridehallen, som er Hyttemessa sitt «heim» under Dyrsku’n, kjem han med tilhengaren fullasta av forskjellige materialar og verktøy.

– Alt kan skje på den flata eg har til disposisjon. Eg har ikkje med noko som helst ferdiglaget, men alt som trengst for å lage ting og tang – der og då. Tenkjer nok at starten blir å sette saman eit solid arbeidsbord. Og det aktar eg ikkje å ta med heim, berre så det er sagt. Ein eller annan kjem nok til å vinne det i ein konkurranse, antydar Ole.

Han aktar å lage fleire artige produkt av treverket han har med frå verkstaden sin, Drivved.no, i Bærum. Det kan bli krakkar, stovebord og andre småting.

– Eg synest det er gøy med enkle, underhaldande konkurransar. Så ting eg lagar blir nok fort premiar til heldige vinnarar, seier Ole.

Ta med barna!

Den gjevaste gevinsten blir likevel ei hyttebefaring på «eventyrlig-vis».

– På messer som denne kjem det alltid mange for å rådføre seg om saker og ting som har med hytta deira å gjere. Slikt er utelukkande hyggeleg, men det er jo avgrensa kva det er mogleg å gi av tips og råd – der og då. Eg kjem derfor til å invitere folk som ønskjer det, til å legge ein lapp «i ønskjebrønnen». Så kontaktar eg den heldige vinnaren og avtalar tidspunkt for ei befaring, slik eg har vore med på i «Eventyrlig oppussing» utallige gonger.

– Men jobben med å bygge om hytta må dei nok eventuelt få andre til å gjere, legg han muntert og skyndsamt til.

Naturlegvis skal folk få lage sine eigne småting også. Ta gjerne med born eller barnebarn, foreslår den folkekjære TV-snikkaren.

– Eg har plank og fjøler nok til alle som vil prøve seg.

Ole Rosén-Lystrup

Folkekjær TV-snikkar: Ole Rosén-Lystrup tar med seg plankar og verktøy til Ridehallen på Dyrsku’n 13.–15. september.

Her kan du lese om fleire utstillarar på Hyttemessen i Ridehallen.