Foto: Mari Svenningsen/Thorbjørnrud Hotell
Olav Lie-Nilsen har lang erfaring frå drift av hotell og mange store arrangement. No har han fått ansvaret for drifta av Lokalmat-kjøkkenet.
– Eg har eit brennande engasjement for norsk mat, landbruk, måltids- og matkultur, seier han.
Mangfald og tradisjon
Lie-Nilsen meiner Dyrsku’n er viktig for lokalmatprodusentane. Her får dei marknadsført seg, bygd nettverk og selt produkta sine.
– Det er ein arena med lang historie og tradisjon. Lokalmat-teltet byggjer oppunder mangfaldet og opplevinga av Dyrsku’n for publikum, seier han.
Meir action til publikum
På Lokalmat-kjøkkenet kan du sjå korleis du kan bruke og kombinere nokre av matprodukta som er til sals i Lokalmat-teltet.
– Vi sett no enno meir fokus på formidling av mat, mathandverk og matglede. Vi ynskjer å vise fram korleis ein lagar til mat og lage litt meir action for publikum, seier Lie-Nilsen.
Vil gjere publikum stolt
I Lokalmat-teltet blir matglede og gode smakar kombinert med mykje kunnskap. Lie-Nilsen vil gjere publikum stolt av mangfaldet i norsk matproduksjon og matkultur.
– Eg vil at publikum skal sitje att med ei forvissing om at vi er mange som ynskjer å produsere mat av høg kvalitet i Noreg, seier han.
Om du lurer på om du skal ta turen innom Lokalmat-kjøkkenet i år, kan du neppe tolke denne skildringa frå Lie-Nilsen som noko anna enn eit rungande «JA!»:
– Det er eit herleg liv der, med masse folk, gode smakar og stolte produsentar. Det er absolutt verdt eit besøk!