Du finn trygg, norsk, lokalprodusera mat laga med kjærleik på Dyrsku'n.

Utstillarkantine

På travle dagar med godt sal og møte med potensielle kundar, er det viktig å få i seg sunn og næringsrik mat for å fungere optimalt. Velkommen til utstillarkantina på Storstogo!

På Dyrsku’n har vi tilrettelagt for at utstillarane skal få seg eit pusterom og litt næring i kroppen.

Utstillarkantina finn du på Storstogo, i samme lokale som utstillarkontoret. Her kjem du berre inn med adgangsband som adgangsbevis (kundekort gjeld dessverre ikkje). Vi serverer nydeleg heimelaga mat med norske råvarer.