5 gode grunnar til å vere utstillar på Dyrsku’n:
- 93 % av Dyrsku-publikummet kjem for kjøpe, smake og lære om spesielle matvarer
- 66% av Dyrsku-publikummet forbind Dyrsku’n med mat
- 9 av 10 handlar på Dyrsku’n
- Over 80% av utstillarane kjem tilbake år etter år
- Over 90% av utstillarane er fornøgd med gjennomføringa av arrangementet
(tal basera på spørjeundersøking utført av CPM Scandinavia)
Matlyst Dyrsku’n
Interessa for mat, og ikkje minst kunnskap og kjennskap til maten sitt opphav, er større enn nokon gong.
Med sine lange tradisjonar som handels- og marknadsplass både når det gjeld husdyr og mat har Dyrsku’n ein unik moglegheit til å vere ein formidlar av heile reisa frå jord til bord.
Blant årets utstillarar ventes opp mot 100 ulike aktørar, både nye og dei med lang fartstid på Dyrsku’n. Alle blir dei handplukka av arrangøren for å skape breidde og rett kvalitet på messa. Gjennom aktivitetar og demonstrasjonar både i Matkvartalet og på Sterke Nils-tunet, vil vi formidle norsk matkultur, matkunnskap, inspirere og bevisstgjere våre gjester til å bruke norsk mat og drikke.
Norsk lokalmat- og drikke
Blant årets utstillarar ventar ein opp mot 100 ulike mat- og drikkeprodusentar frå store delar av landet, både nye og dei med lang fartstid på Dyrsku’n. Alle er dei handplukka av arrangøren for å skape breidde og rett kvalitet på messa.
Profilering av lokalmat og -drikke
Dyrsku’n arbeider for å løfte fram lokalmat og -drikkeprodusentar som er utstillarar på Dyrsku’n, ved å bruke utvalte produkt frå produsentane i serveringa på fleire arenaer. I Lokalmat-kjøkkenet med lokalmatpizza, i menyen i TettPå-arenaen og i Sterke Nils-tunets men med norsk tradisjonsost. På denne måten får utstillarane profilert produkta og verksemda si på ein særs god måte, og våre gjester får gode matopplevingar og god kjennskap til produkta utstillarane tilbyr.
Det blir lagt ned eit grundig arbeid med rettane til serveringsarenaen, så fort søknadsfristen for Dyrsku’n er ute, startar planlegginga av menyar basera på produkta frå utstillarane.
Les meir om mat på Dyrskuplassen
Om stand og standprisar
I Matkvartalet inviterer vi utstillarar som sel lokalmatprodukt, og som oppfyller kriteria vi har satt. Vi har både ute- og innestandar i Matkvartalet.
Innestandar i det store Lokalmat-teltet er inndelt i standar på om lag 8-9 m2, og prisen pr. modul er kr 5 500,- eks. mva. Her er det primært sal av emballerte matprodukt.
Utestandar i Matkvartalet blir berekna etter lengda på fronten, og pris pr. frontmeter er kr 1050,- eks. mva.
For sal av serveringsmat er det 16 % provisjon av omsetninga, dette må dokumenterast for arrangør etter arrangementet.
Påmeldingsavgift pr. stand er kr 520,- eks. mva. Påmeldingsavgift vert betala når du sender inn søknaden. Avgifta er å rekne som eit administrasjonsgebyr, og blir ikkje refundera sjølv om du ikkje blir tildela ein standplass.
Alle utstillarar som sel eller lagar mat på Dyrsku’n må melde inn utsalet til Mattilsynet. Skjema og retningslinjer finn du på Mattilsynet sine heimesider.
Søknadsfrist 1. februar
Tildelinga av standplassar startar opp fortløpande etter at søknadsfristen har gått ut. Informasjon om plasstildeling blir sendt ut så snart dette er klart, seinast innan utgangen av mars.
Søknader som kjem inn etter fristen, blir sett på venteliste til den fyrste tildelinga er ferdig. Det er mogleg for fleire utstillarar å dele ein stand. For å få alle med på utstillarlista, må hovudsøkaren legge inn dei andre utstillar-namna i sitt søknadsskjema.
Registrer din søknad for Dyrsku’n 2025
Søknadsfrist 1. februar 2025
Kriteriar Matlyst Dyrsku’n
På Matlyst Dyrsku’n skal våre kundar finne inspirasjon og produkt av høg kvalitet.
Produkt som seljast i Matkvartalet skal vere basert på norske råvarer og vere produsert og/eller vidareforedla av utstillar.
Det er høve til å selje produkt som er relatera til matprodukta du sel. Om du sel eksempelvis bakevarer, kan du selje ei oppskriftsbok med relasjon til produkta.
For Dyrsku’n er det viktig at kunden blir kjent med historia bak produktet ditt, vi trur at auka produktkunnskap inspirerer til gode matopplevingar. Vi oppmodar difor utstillarane i Matkvartalet til å opplyse kundane om opphav og bruk av produkt, både skriftleg og munnleg.
Det er to forskjellige typar standleige i Lokalmat-teltet/Matkvartalet.
- For sal av emballera matprodukt er det ei fast standleige.
- For sal av serveringsmat er det 16% provisjon eks. mva av omsetnaden. Rapport på sal sendast arrangør seinast 1 veke etter Dyrsku’n.
- Frå og med 2023 vil det vere rapporteringsplikt på omsetnad for alle matutstillarar.
Trykk her for prisar på ulike typar stand på Dyrsku’n.
Fleire produsentar kan dele på ein standplass, men begge må sende inn søknad og betale ei obligatorisk påmeldingsavgift.
Grunna samarbeidsavtalar om sal av serveringsmat, vil det ikkje bli tildelt standplassar til utstillarar med desse produkta: bakt potet, sukkerspinn, popcorn, baconcrisp o.l.
Utstillar må fylgje retningslinjer frå Mattilsynet og melder sjølv frå på eige skjema hos www.mattilsynet.no
Det visast til øvrig reglement for utstillarar på Dyrsku’n. Søknaden må vere registrert innan søknadsfreista 1. februar.
Dyrsku’n ynskjer å kartlegge verdiskapinga under Dyrsku’n. Matutstillarar pliktar difor å sende omsetnadsrapport i etterkant av messa, dette gjeld både for dei som sel serveringsmat og emballert mat. Arrangøren pliktar å behandle rapporten konfidensielt, og den vil ikkje bli delt vidare med tredjepart.
Kåring av Arets Mat & drikkeprodukt på Dyrsku’n
Kvart år er det kåring av årets mat og drikkeprodukt. Prisen skal inspirere til kreativitet innan produktutvikling basera på lokale råvarer og tradisjonar. Vinnaren får ein pengepremie, omtalee på våre digitale flater og diplom, i tillegg til gratis standplass i Lokalmat-teltet på Dyrsku’n påfølgjande år.
Kriteria:
- Produktet må vere norsk. Norske råvarer skal nyttast så langt det er råd og produktet må vere foredla i Noreg
- Kvar produsent kan levere inntil 3 produkt
- Produktet skal vere basera på stadeigne råvarer og tradisjonar i kombinasjon med innovative grep
- Det utvalte produktet skal ha marknadspotensiale og miljømessig berekraft
- Emballasjen skal spegle produktets innhald og historie utan å dominere
- Smaken skal harmonere med innhald
- Innovasjon og kreativitet honorerast
Alle matutstillarar får tilsendt invitasjon til deltaking, og må melde seg på innan oppsett påmeldingsfrist.
Tidlegare prisvinnarar:
2014 Spekepølsa Stordalen frå Vinje Slakteri og Stordalen Gardsbruk
2015 Potetlefse frå Kjevla Hjemmebakeri
2016 Mimi Havsennep frå Arctic Mustard
2017 Osten Pepperknollen frå Thorbjørnrud Ysteri
2018 Smør med gresskarkjerner frå Romstad Gard
2019 Årets foredla: Sjokoladetrøflar med brun geitost og bær frå Stordalen Gardsbruk og Frukt Konfekt
2019 Årets Naturell: Mørbrad av reinsdyrkalv frå Rørosrein
2020 Dyrsku’n avlyst
2021 Dyrsku’n avlyst
2022 Kvita salatost med akevitt og karve frå Beiarmat
2023 Terra Incognita – en økologisk issider fra NeRø Frukt og Sider
2024 RØDLIN frå Tjamsland Gård i Agder