Velkommen til staseleg dekt bord

Med særutstillinga «Bord, dekk deg!» ynskjer arrangørane å synleggjere noko av det fine brukshandverket som blir laga i Noreg i dag. Publikum kjem til dekt bord, med keramikk, tekstilar, glas, smidde gjenstandar og trearbeid frå nokre av dei beste handverkarane i landet.

05.09.2024
Bilde av veske til Husflid.

– Brukshandverk har alltid vore, og er framleis, viktig. Etter 100 år med masseproduksjon ser vi også at handverk har fått ein høgare status dei seinare åra. Det er godt å sjå at det er ei bølgje no, der mellom anna keramikk har blitt veldig populært igjen, seier prosjektleiar Vilde Vosgraff.

Ho fortel at kva handverk som er populært, ofte går i bølgjer. Akkurat no er det keramikk som er i vinden, og difor blei det også teken inn som eigen kategori i den tradisjonsrike tevlinga for fyrste gong i fjor.

Tevlinga har som mål å ta vare på både tradisjon, nyskaping, kvalitet, breidde og mangfald. Det blir konkurrert i kategoriane tekstil, tre, sylv, kniv, smiing og – frå i fjor – keramikk. Husflidsutstillinga på Dyrsku’n er ein av dei største og viktigaste arenaene for formidling av norsk husflid, handverk og design.

Brukshandverk og borddekking

I utstillinga kjem publikum bokstaveleg talt til dekt bord. På ein nydeleg damaskduk laga av Jon Fredrik Skaugen kan dei sjå keramikk, tekstilar og smidde arbeid, i tillegg til både trearbeid og glas.

– Gjenstandane vi har henta inn, er laga av svært dyktige handverkarar som har lagt ned litt av sjela si i alle desse produkta. Det er gjennomtenkte og gjennomarbeidde bruksgjenstandar, og dei er altså laga for å brukast.

Vosgraff synast det er leitt at mange har skuffer og skåp fulle av flott dekketøy som støvar ned. Ho håpar fleire vil ta dei i bruk, og meiner det er stas å ha noko unikt og handlaga å dekkje bordet med, enten det er til fest eller kvardag.

– Vi vil jo at handverkarane våre skal kunne leve av det dei driv med, og då må vi bruke produkta deira. Heldigvis ser det ut til at fleire no får augo opp for dette, seier Vosgraff.

Dyrsku’n jobbar heile tida for å fremje den gode kulturen med å kjøpe ordentleg handverk. Difor blir det også høve til å kjøpe ei rekke kvalitetshandverk i samband med utstillinga: tallerkenar frå ein keramikar, smidde lysestakar frå ein smed og dreia bollar frå ein trearbeidar.

– Det er veldig mykje flott kunsthandverk som blir laga i dag, både i tradisjonelle stilar og i meir moderne variantar. Begge delar får plass når vi dekkjer bordet i Hall B.

Demonstrasjon av ølhønespikking

Handverks- og husfliddemonstrasjonane har vore populære blant publikum i fleire år, fortel Vosgraff. I år har ho henta inn ein svært erfaren kar for å demonstrere korleis ein utfører eit gamalt norsk handverk: spikking av ølhøner.

Ei ølhøne er eit drikkekar forma som ei høne som låg og flaut i ein stor ølbolle midt på bordet. Ølhøna vart brukt til å ausa øl frå bollen og senda rundt slik at alle fekk drikka.

– Ølhønetradisjonen har samla folk i landet vårt i fleire hundre år, og det er stas å få løfta det fram att under Dyrsku’n i år. Det er fleire som framleis driv med dette, og vi er heldige å få Jonny Vindfjell hit for å vise korleis ei ølhøne blir til og kor mykje arbeid som ligg bak, seier Vosgraff.

Jonny Vindfjell er både snikkar, møbelsnikkar og treskjerar. Dei siste åra har han også vore lærar på Hjerleid handverksskole, der han underviser i treskjering. Han brenn for formidling og liker særleg godt å lære yngre generasjonar om tradisjonar og godt handverk.

– Det gir meg mykje å lære vidare det eg kan om både teknikk, materialval og handverkstradisjonar. Eg vil vere med å ta vare på kulturarven vår, for det betyr noko for folk å ha røter og tilhøyrsel. Det ser eg både i verkstaden og på skulen, seier han.

Vindfjell har spikka mange ølhøner og har lang erfaring med heile prosessen. Ofte startar han med å felle, aptere og kappa treet sjølv med det mobile sagbruket sitt. Han føretrekker lind, som er lett å forme, men uansett treslag, treng materiala to års tørketid før dei kan foredlast.

– Så kjem forming av grovemne, spikking og utholing. Det er viktig at alt blir gjort med jarnet, for det er spora frå jarnet som viser at det er ekte handverk. Difor skal ein aldri pusse på ei ølhøne, forklarar Vindfjell.

Før ølhøna kan malast, dekorerer han ho med treskurd. Han skjer ut merker som illuderer venger, fjør og andre detaljar. Sjølv om det går mykje i dei tradisjonelle jordfargane, er han ikkje framand for å bruke meir moderne og spreke fargar.

No gler treskjeraren seg til å demonstrere ølhønespikking for dei mange tusen menneska som kjem innom Hall B under Dyrsku’n. Til Dyrsku’n tar han med seg ein lærling frå Hjerleid og fleire ølhøner – både ferdige og i ulike stadium.

– Eg er heldig som får halde på med dette og synast framleis det er moro å sitte og spikke når eg har god tid. Då går det gjerne i ølhøner eller anna figurspikking. Eg lèt tankane vandre og får mykje ro av det.

Sjølv om Vindfjell meiner brukshandverk bør brukast, er han ikkje sjølv så glad i øl.

– Nei, eg får stå for spikkinga, så får andre ta seg av drikkinga.

Husflidsutstillinga og Dyrsku’n

  • Ein viktig formidlingsarena for norsk husflid, handverk og design.
  • Gjev publikum innsyn i norske tradisjonar og syner korleis mange av dei enno lever.
  • Den viktigaste visningsarenaen for mange dedikerte handverkarar.
  • Vest-Telemark Museum har ansvaret for aktivitetane på Sterke Nils-tunet, Gongestogo og Husflidsutstillinga, der dei syner fram både levande husflid og handverk, og utstilte produkt av handverkarar som utmerker seg med arbeidet sitt.
  • Utstillinga viser også fram eit breitt utval innsendte produkt og gjenstandar frå Husflidstevlinga.

Tekst: Aina Kristiansen